Noreg må gå framfor i klimaforhandlingane!

Rike land har det  historiske ansvaret for klimaproblemet. Noreg er gjennom vår eksport av olje- og gass til Europa og andre industriland eit enormt forureinande land. Rikdommen vår, som vi har tent på utslepp av klimagassar, gjer at vi må ta ei leiarrolle i å løyse problemet vi sjølv har vore med på å skape. Måndag 29. november starta forhandlingane om ein ny internasjonal klimaavtale, no i Cancún i Mexico. Verda sine leiarar får her på nytt sjansen til å ta sitt klimaansvar. Natur og Ungdom forventar at Noreg aktivt bidreg med løysingar og framgong i forhandlingane.

I fjor var Natur og Ungdom representert i København med over 100 stykk frå heile landet, inkludert tre ungdommar frå Sogn og Fjordane. Der gjennomførte vi lovlege aksjonar og følgde med i forhandlingane. Dessverre vart ikkje forhåpningane våre om ein ny internasjonal klimaavtale innfridd. Skuffelsen var stor, og den har vore langvarig. No, i startsfasa av forhandlingane i Cancún, er det liten tru på at det vil bli einigheit om ein ny klimaavtale. Fleire har i staden satt som mål å ferdigstille avtalen i Durban, Sør-Afrika i 2011. Tida er knapp og det må bli einigheit før den tid. Noreg kan leggje press på fleire områder, men det er spesielt to områder der vi så langt ikkje har gjort nok.

1. I dag er det dei fattigaste landa som har lagt fram dei største utsleppsreduksjonane, medan rike land i stor grad kjøper seg fri gjennom kvotehandel. Dette er ikkje nok kutt i forhold til det som verda treng. Konsekvensane vil vere ein dramatisk global oppvarming av jorda. Dersom vi skal hindre verda til å gå over 2-gradersmålet, må dei rike landa kutte utsleppa sine med 40 prosent innan 2020. Noreg kan her vere med på å presse på for auka målsettingar blant andre rike land, ved å sjølv auke våre forpliktingar. Ved å kutte utsleppa våre med 40 prosent innan 2020, viser vi at det finst rike land som tek klimaforhandlingane på alvor.

2. Klimaforhandlingane vert prega av eit tillitsgap mellom rike og fattige land. For å gjenreise tilliten og optimismen kan dei rike landa bidra med klimatiltak i fattige land og vidareføre forpliktingane sine om utslepp. Noreg er, saman med mange av dei andre rike landa, forplikta til å redusere utsleppa sine gjennom Kyoto-protokollen. Dagens forpliktingar for utslepp er satt frå 2008-2012, men etter dette vil verda stå utan ein klimaavtale. I Cancún kan rike land som Noreg og landa i Eu ta på seg nye forpliktingar om å kutte utsleppsreduksjonar, framgong og auka tillit i forhandlingane.
Natur og Ungdom forventar å sjå Noreg som ein som ein aktiv pådrivar i Mexico under klimaforhandlingane. Vi kan ikkje fråskrive oss ansvaret for klimaproblemet.
Handling må skje no!



- Inger, fylkesleiar i Sogn og Fjordane

 

Følg COP16 live

Byttefest

Tid
10. november · 18:30 - 20:00

Stad NU-Kontoret på Blakken

NRK: Ankar til topps om gruva kjem

 

Natur og Ungdom set alt dei har inn på å redde Vevring og Førdefjorden frå gruvedrift i Engebøfjellet.

- Vi kjem til å følgje saka heilt til topps, og gjev oss ikkje før vi har prøvd alt, seier nestleiar Mari Winsents i Natur og Ungdom.

 

 

 

Engebøfjellet (NRK)

Nordic Mining ønskjer å starte gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring

NRK

Følgjer saka til topps

Måndag var det folkemøte i Vevring om planane til selskapet Nordic Mining og gruvedrift i Engebøfjellet. Det er som kjendt ei massiv lokal motstand mot gruvedrifta, hovudsakleg på grunn av dei store inngrepa det vil ha i naturen i og rundt Vevring og i Førdefjorden.

Natur og Ungdom har sagt at dei kjem til å følgje saka heilt til mål, og gjere det dei kan for å hindre gruvedrift.

Usikre fakta hevar kampviljen

Inger Fure Grøtting, leiar i Natur og Ungdom i Sogn og Fjordane. (Foto: Natur og Ungdom)

Inger Fure Grøtting, leiar i Natur og Ungdom i Sogn og Fjordane

Foto: Natur og Ungdom
Anne Lise Thingnes og Erik Solheim (Foto:Norges Naturvernforbund)

Protestane mot gruvedrifta er massiv. Her er ein aksjonist Anne Lise Thingnes i møte med Erik Solheim.

Foto:Norges Naturvernforbund
Folkemøte om gruvedrift (Foto: Rune Fossum/NRK)

Folkemøte om gruvedrift har vorte arrangert fleire gonger

Foto: Rune Fossum/NRK
Kurt Oddekalv (Foto: Steinar Lote/NRK)

Miljøforkjempar Kurt Oddekalv har engasjert seg i saka

Foto: Steinar Lote/NRK
Jan Herstad (t.v.) og Ivar S. Fossum (Foto: Rune Fossum, NRK)

Jan Herstad (t.v.) og Ivar S. Fossum i Nordic Mining prøvar å forklare innbyggjarane i Vevring at gruvedrifta vil vere positiv for bygda.

Foto: Rune Fossum, NRK
Ivar S. Fossum (Foto: Rune Fossum/NRK)

Fossum har måtte tole kritikk for konsekvensutgreiinga Nordic Mining har gjennomført. Her er han på eit av folkemøta som er arrangert

Foto: Rune Fossum/NRK
Protestantar frå Vevring møtte statsminister Jens Stoltenberg (Foto: Eline Buvarp Aardal/NRK)

Protestantar frå Vevring møtte statsminister Jens Stoltenberg

Foto: Eline Buvarp Aardal/NRK
fakkeltog i Vevring (Foto: Eli Eikenæs Vengen/NRK)

Fakkeltog gjennom bygda Vevring for å vise motstand mot gruveplanane

Foto: Eli Eikenæs Vengen/NRK
fakkeltog i Vevring (Foto: Eli Eikenæs Vengen/NRK)

Ankar til høgste instans

- Korleis skal Natur og Ungdom vere med og påverke i saka?

- Vi følgjer saka til kommunen gjer sitt vedtak. Går dei for drift sender vi saka inn til Klima og forureiningsdirektoratet, KLIFF. Seier dei ja, godkjenner dei utsleppssøknaden. Og då ankar vi saka inn til Miljøverndepartementet. Vi gjev oss ikkje, seier ho.

Ho er overbevist om at det nyttar å prøve å påverke dei lokale myndigheitene. Difor vel Natur og Ungdom å støtte den lokale motstandsgruppa mot gruvedrifta, og å vere synlege i gatebilete for å marknadsføre synet sitt i saka. 22.september skipar dei difor til ein konsert mot gruvedrifta.

- Det vert i Førde og vi håpar sjølvsagt at så mange som mogleg kjem på konserten. Vi er opptekne av at naturen ikkje skal bli øydelagt, og ser at fleire må vere med og kjempe mot desse planane. Difor er vi her, forklarar Winsents.

- Viktig med lokalt engasjement

Naturvernarane er spesielt oppteken av dei langsiktige resultata ei gruvedrift vil gje.

- Rett nok får kommunen nokre arbeidsplassar. Men dei fjerna også arbeidsplassar ved å godkjenne dumping i fjorden. Fiskarar til dømes.

I tillegg vil det råke mellom kysttorsken som allereie er ein truga art.

Nasjonal interesse

- Det kan sjå ut som kommunen er på veg til å ta eit standpunkt i saka som er motsett av dykkar?

- Det verkar som dei har teke eit val ja, og at dei vil gå for gruvedrift. Slik sett så kan vi tenkje at det ikkje nyttar å påverke lokalt. Men eg held fast på at det er mykje å vinne på lokalt engasjement.

Winstens meiner saka er av nasjonal interesse.

- Alle saker der naturen vert berørt er nasjonale saker og av nasjonal interesse.

 

Les meir

Rock mot gruvedrift


Rapporten vi har venta på

(Dagbladet): Dagbladet har fått tilgang til dokumentet som skal danne grunnlag for regjeringens beslutning om oljeboring i nord. Rapporten presenteres av miljøvernminister Erik Solheim klokka 13. Den beskriver hva slags natur som finnes i Lofoten og Barentshavet, hva slags tilstand den er i og mulig risiko ved oljeboring. 

http://www.dagbladet.no/2010/04/15/nyheter/miljo/innenriks/politikk/lofoten_og_vesteralen/11293666/

Ny drakamp om oljeboring i nord

 

 

 

I dag kjem ein ny rapport om oljeverksemda i dei omstridte områda. Då legger Oljedirektorater fram nye anslag over kor mykje olje og gass dei trur befinner seg på havbotnen utanfor Lofoten og vesterålen. Direktoratets sist kjente anslag er på 1,5 milliardar fat olje. Dagbladet.no skriver at Oljedirektoratet truleg kjem til å nedjustere dette anslaget. 

 

Anslaget er ein del av den kunnskapen som Arbeiderpartiet har venta på for å kunne seie ja eller nei til konsekvensutredning av oljeboring i nord. 

 

FOR-MOT

SV og Venstre har sagt tydeleg nei til oljeboring i området. SP har også vore negative. 

AP seier verken ja eller nei. Det same gjer Høgre, medan FrP vil gje grønt lys. 

 

Les meir her

http://www.nrk.no/nyheter/norge/1.7080759

Riksantikvaren positiv til Engebøprosjektet

http://www.hegnar.no/bors/article418036.ece
http://www.dn.no/forsiden/borsMarked/article1873666.ece
http://www.newsweb.no/newsweb/search.do?messageId=257595

Artsdatabanken

Leitar du etter kart og informasjon om raudlisteartar i eit bestemt område? På Artsdatabanken kan du buke ei kartteneste og søke opp avgrensa områder, som til dømes Førdefjorden eller vindmølleparkar i Vågsøy. 
Har óg hengt opp ei liste på kontoret til Sandane NU. Der finn du nyttige linkar til ymse på verdsveven. Skriv på fleire om du har nokre på lur... 

http://artskart.artsdatabanken.no/
http://www.artsdatabanken.no/frontpageAlt.aspx?m=2

- Inger

Frå laksefjord til giftfjord

Fredag 19. mars

 

Gruveselskapet Nordic Mining vil dumpe fleire millionar tonn med giftig steinstøv i Fjørdefjorden, ein av våre nasjonale laksefjordar. Natur og Ungdom meiner at dette er ei katastrofe for det biologiske mangfaldet. Avfallet frå gruvedrifta i Engebøfjellet vil drepe alt liv på botnen av fjorden, og det vil få store konsekvensar for resten av økosystemet i og ved fjorden. 


Nordic Mining vil lage et deponi i Førdefjorden, der dei skal dumpe giftig steinstøv som kjem frå gruvedrifta. Heile 97-98% av det dei skal ta ut av Engebøfjellet vil faktisk hamne i fjorden. Utan nokon garanti for at det vil halde seg der eller om fjorden nokon gang vil få tilbake det rike dyrelivet som den har i dag. Men det er ikkje berre miljøet som vil tape på dette. Innbyggjarane i Vevring må belage seg på støy døgnet rundt og gift i lufta som er til dels kreftframkallende. Nokon vil også bli tvangsflytta frå familiegarden sin som dei har levd på i generasjonar. Prisen ein må betale er altså utrydding av alt liv på botnen av fjorden og mogleg spreiing av giftig steinstøv til resten av fjorden. Det vil og bli uana konsekvensar for resten av økosystemet i tillegg til støy, luftforureining og tvangsflytting. Dessutan er naturen i området verdifull og uerstatteleg. Ein gamblar ikkje med så dyrebar og unik natur! 


Rutilutvinninga er ikkje noko som vil utvikle eller gje liv til bygda. Det er ikkje noko som vil få fleire innbyggjarar til fylket og det er ikkje noko som vil gje ?framtidsfylket? ei betre framtid. Heller tvert om. For kva skjer når gruva er tom, fjorden er død og lufta er forureina? Kva skal min generasjon gjere om 50 år når ein treng nye næringar i fylket, og vi finn ut at ressursane er tappa eller øydelagt? For det er det Nordic Mining vil gjere. Øydeleggje ressursane i fylket som vår generasjon også kan dra nytte av. Ressursane som er bærekraftige og har ei framtid. Eg trur at viss politikarane opnar for rutilutvinning i dag, vil vår generasjon i morgon få det vanskelig med å halde folk i fylket og ikkje minst få fleire til å flytte hit. Ingen vil bu i ?giftfylket? der du får kreft av lufta og vatnet og fisken i fjorden er blitt utrydda av giftig steinstøv. Så eg ber politikarane om å tenkje seg om ein gang til før dei sel unik natur for arbeidsplassar. For eg trur det er ein dårlig deal. 


Nordic Mining må stoppast i planane sine, og det heile er opp til politikarane. Folk må gjere noko aktivt for å påverke i denne saken. For viss skaden blir gjort, vil kanskje ikkje vår generasjon sjå den dagen den blir retta opp. Denne usikkerheita er grunn nok til å stoppe dette prosjektet som vil rasere ein unik og dyrebar fjord. Skadane som vil bli påført fjorden og fylket, vil vere enorme og langvarige. Vi vil ikkje at Førdefjorden skal gå frå å vere ein nasjonal laksefjord til å bli ein nasjonal giftfjord. Stopp rutilutvinninga!

 

Sondre Nave, 1. nesteleiar Sogn og Fjordane Natur og Ungdom

Les mer i arkivet » November 2010 » Mai 2010 » April 2010
hits